Bildet er en kombinasjon av to bilder, en blanding av en ki-generert illustrasjon av en kunstig hjerne og flere barn som lener seg konsentrert over ett bord i klasserommet.
Møte

KI-senter - Kva treng og ønskjer offentleg sektor?

Hvor:

Rom 4111, Domus Juridica, Kristian Augusts gate 17, UiO, Oslo.

Passer for:

Søkjarar til KI-senterutlysinga

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

15. mai kl. 13:00

Om arrangementet

Dette er eit hybridarrangement. Du kan også delta digitalt.


Forskningsrådet, Juridisk fakultet UiO, Digitaliseringsdirektoratet og KS inviterer til innspel på forskingsutfordringar som KI-sentera kan svare på slik at dei får høg nytteverdi for offentleg sektor – og for eit samfunn med høg tillit til offentlege tenester. 

Kva KI-tema bør ein prioritere? Kva er det viktigaste i de tre spor – konsekvensar, teknologi og innovasjon? Korleis kan sentera gjerast mest mogleg relevante for offentleg sektor? Korleis kan vi organisere sentera slik at forskingsresultata kjem offentleg sektor til gode – fortløpande? Kva slags samarbeid er ønskeleg? 
Vi vil derfor invitere offentlege verksemder til å involvere seg no, til å dele tankar, ambisjonar og utfordringar før søknads- og utveljingsprosessen er i gang.   
Her kan du høyre korleis nokre offentlege verksemder tenkjer om dette, komme med eigne innspel og etablere kontakt med andre verksemder og forskingsmiljø med tanke på involvering.   

Program

10:00

Velkommen og introduksjon

Guri Lande, Direktør for strategi og samhandling, Digitaliseringsdirektoratet 
Malcolm Langford, Professor, Senter for rettsinformatikk/CELL, UiO 

10:10

Innlegg frå NFR om mål for KI-sentra og Forskningsrådets KI-satsing

Anne Kjersti Fahlvik, Områdedirektør, Norges forskningsråd 

10:20

Innlegg frå Digitaliseringsdirektoratet (DigDir)

Rozemarijn van der Hils, Seksjonssjef, DigDir 
Jens Osberg, Seniorrådgiver, DigDir 

10:35

Innlegg frå KS

Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør Forskning, innovasjon og digitalisering, KS 

10:50

Innlegg frå utvalde etatar

Cathrine Pihl Lyngstad, Leder, AI Lab, NAV
Kari Laumann, Avdelingsleder, Utredning, analyse og politikk, Datatilsynet 
Kirsti Kierulf, Administrerende direktør, Norsk Kommunalteknisk Forening 
Kristin Jacobsen, Avdelingsdirektør for Systemutvikling og KI, Arkivverket 

11:25

«Tindertreff» på Mentimeter for brukerpartnarar og forskarar

Nasjida Noorestaney, Legal Innovasjon Lab (LILO) 

11:45

Prosessen vidare for KI-sentra

Olaug Råd, spesialrådgiver, Norges Forskningsråd 
Line Marie Sørsdal, seniorrådgiver, Norges Forskningsråd 

11:55

Avslutning

12:00

Tapas og mingling

Kontakt oss

Forskningsrådets KI-satsing

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. mai 2025, kl. 04.40 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.