
Søknadslesedag for klyngje 2 i Horisont Europa
- Hvor:
Forskingsrådet, Drammensveien 288, 0283 Oslo
- Passer for:
Forskarar og EU-rådgivarar
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
3. juni kl. 06.00
Om arrangementet
Forskingsrådet arrangerer søknadslesedag for forskarar og administrativt tilsette som er i gang med ein søknad til klyngje 2 - kultur, kreativitet og inkluderande samfunn i Horisont Europa.
På lesedagen får du høve til å sjå på søknader som har fått finansiering frå klyngje 2. Slik kan du lære korleis eit vellykka prosjekt kan strukturerast.
Det er avgrensa tal på plassar til dette arrangementet.
Dette er ein stille lesesesjon utan program, og inkluderer ikkje rettleiing om klyngje 2.
Har du spørsmål om søknaden din, kan du kontakta dei nasjonale kontaktpersonane for klyngje 2 (sjå kontaktinformasjon). Det er også verdt å nemne at Forskingsrådet arrangerer kurs i prosjektutvikling dagen etter lesedagen, 11. juni: How to Develop a Successful Horizon Europe Proposal (Oslo)
Vilkår for lesedagane
- Berre førehandsregistrering
- Du må signere teielovnad
- Ikkje tillate å fotografere søknadene
- Søknadene kan ikkje takast ut av rommet
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2025, kl. 17.34 CEST
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 30. april kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 28. april og tysdag 29. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 30. april kl. 08.00–13.00.