Spør KI-samtaleroboten vår

Frå idé til prosjekt i offentleg sektor

Har de ein prosjektidé og lurer på om Forskingsrådet er noko for dykk? Vi har verktøya, kompetansen, finansieringa og nettverka du treng for å komme i gang.

Prosjektkanvas 

Passar ideen dykkar som grunnlag for eit innovasjonsprosjekt for offentleg sektor? Prosjektkanvas er eit verktøy som kan bidra med å finne styrkar og svakheiter med ideen deira og gi ei oversikt over prosjektet før eventuelle fagrådgivarar blir kontakta. Det kan hjelpe dykk til å utarbeide og vidareutvikle ideen til eit prosjekt, til å identifisere eventuelle manglar ved prosjektideen og til å presentere ideen til potensielle partnarar.

Rådgivarar over heile landet

Forskingsrådets regionsansvarlege bur og jobbar i regionane. Dei kjenner Forskingsrådets moglegheiter og fagpersonar godt, og har kjennskap til og dialog med næringslivsaktørar, forskingsmiljø, offentleg sektor og verkemiddelaktørane i regionen.

Kontakt ein regionansvarleg.

EU og Horisont Europa

Har du spørsmål om utlysingar frå EU og Horisont Europa?

Forskingsrådets nasjonale kontaktpunkt for EU kan svare på spørsmål og diskutere moglegheiter i europeiske utlysingar. Sjå kven som er nasjonale kontaktpunkt for dei ulike fagområda. Du kan også kontakte EU-nettverka Forskingsrådet støttar og som skal mobilisere til Horisont Europa.

Kontakt Forskingsrådets eigne fagrådgivarar for EU-midlar.

Samarbeid utanfor Europa?

Forskingsrådet har eigne land- og regionskontaktar som kan svare på spørsmål og diskutere moglegheitene for forskings- og innovasjonssamarbeid i land utanfor Europa. Sjå: Samarbeid utanfor EU/EØS.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2025, kl. 23.08 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 30. april kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 28. april og tysdag 29. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 30. april kl. 08.00–13.00.