Hovudprosjekt Pilot Helse
Neste utlysing av hovudprosjekt er planlagt med frist hausten 2025.
I utlysinga om hovudprosjekt vil du kunne søkje støtte til store prosjekt med tre–fire års varigheit. Prosjekta skal innrettast slik at formåla omtalt i bakgrunnen for Pilot Helse kan realiserast.
Kva kjenneteiknar eit Pilot Helse-prosjekt?
Eit Pilot Helse-prosjekt skal vere
- basert på erkjende og spesifikke behov i spesialisthelsetenesta og/eller den kommunale helse- og omsorgstenesta som enten er forankra hos pasientar/innbyggjarar eller i tenesta sjølv
- eit ambisiøst innovasjonsløp mest sannsynleg for framtidig implementering og skalering av løysingar nasjonalt og internasjonalt
- eit samarbeid mellom fleire aktørar på tvers av offentleg, privat og eventuelt frivillig sektor som varetar perspektivet til brukarane på ein god måte
Eit Pilot Helse-prosjekt må
- innehalde FoU-aktivitetar som bidrar til utvikling av innovative teknologiar, prosessar, produkt eller tenester som svarer på identifiserte og avklarte behov
- inkludere FoU-aktivitetar som bidrar til å sikre at desse løysingane kan implementerast, blir kommersialiserte og blir skalerte i etterkant eller parallelt med FoU-prosjektet
- ha potensial for å gi kvantifiserbare gevinstar både i offentleg og privat sektor
Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. april 2025, kl. 02.43 CEST
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 30. april kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 28. april og tysdag 29. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 30. april kl. 08.00–13.00.