Spør KI-samtaleroboten vår

Stortingsmeldinga om forskingssystemet

Våren 2025 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet. Forskingsrådet støttar arbeidet og bidrar med kompetanse, analysar og råd.

I Langtidsplan for forsking og høgare utdanning varsla regjeringa at ho vil leggje fram ei stortingsmelding om forskingssystemet. Arbeidet er godt i gang, og meldinga skal leggjast fram våren 2025.

På regjeringa.no kan du lese meir om det pågåande arbeidet og bakgrunnen for meldinga.

Ein nødvendig gjennomgang

Forskingsrådet meiner ein gjennomgang av forskingssystemet er heilt nødvendig for å nå måla i langtidsplanen og bidra til ei kunnskapsbasert omstilling av Noreg.

­– Vi treng eit forskings- og innovasjonssystem med kapasitet og kvalitet til å bidra med kunnskapen og verdiskapinga som krevst med ut frå dagens utfordringsbilete, samtidig som vi sikrar ein kunnskapsberedskap for å møte kunnskapsbehovet i framtida gjennom langsiktig, grunnleggjande forsking.

– Vi vil arbeide for at meldinga byggjer på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag og gir god retning for omstillinga i åra som kjem, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Vårt arbeid med stortingsmeldinga

Her finn du analysar og råd frå Forskingsrådet i samband med stortingsmeldinga: 

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei prosjektgruppe for arbeidet der Forskingsrådet er representert.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2025, kl. 19.11 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 30. april kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 28. april og tysdag 29. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 30. april kl. 08.00–13.00.